Reinen på Hardangervidda - natur og kultur

Hardangervidda er mykje omskriven, og aller mest av folk som ikkje høyrer heime i bygdene kringom. Det gjer raulendingane Johan Vaa og Kjell Bitustøyl, og ein slik bakgrunn gjev nye perspektiv og innfallsvinklar. I denne boka tek dei for reinen på Hardangervidda, både den ville og den tamme.I dag er Hardangervidda kjend som det største og viktigaste villreinområdet i landet, men ein skal ikkje langt attende i tid før tamrein spela ei vesentleg rolle i mange av bygdene rundt vidda.

Kulturminna i reinsfjellet er mange, mange er og diskusjonane om kva som er det beste for både rein og menneske; forvaltnings-historia får brei plass i denne boka. Ein avslutta epoke er tamreindrifta, denne historia er mindre kjend, særleg gjeld det dei samiske gjætarene som har prega denne næringa, nærast frå start til slutt.

Hardangervidda er framleis eit viktig matfat for bygdene rundt Hardangervidda. Og i våre dagar handlar villreinproblematikk om alt frå radiomerking og forskningsresultat til dei viktigaste avtrykka moderniteten har: Vasskraftutbygging, vegar og kraftliner, hyttebygging og turisme. Bruk og vern er viktige stikkord. Sjølvsagt kjem forfattarene med både historiske fakta og eigne ytringar.

Boka er i format godt og vel A4, har 328 sider og er rikt illustrert. Eit eige kapittel tek for seg reinen i biletkunsten. I tillegg finst og eit omfattande personregister.
Boka kan kjøpes direkte fra Hardangervidda villreinutval sitt sekretariat.
Bestilling sendes [email protected]. Oppgi navn, postadresse og antall bøker som ønskes kjøpt.

Pris kr. 299,- + frakt.                      Bestill bok